Vikingskipet, Hamar
12.–16. april 2017

English

PXE-boot

Location:Tech har sett opp PXE-boot (pixie-boot) på nettverket. Det kan vere til hjelp dersom du har problem med datamaskina di eller berre er nysjerrig på Linux.

PXE står for Preboot eXecution Environment og lar deg, i grove trekk, starte opp programvare på ein lokal eller virtuell maskin via nettverket. Wikipedia kan forklare det langt betre enn eg er i stand til i denne artikkelen.

På TG er det mogleg å boote til Ubuntu (16.10 og 16.04), Arch Linux og HannaMontana (særleg anbefalt).
Du kan og køyre diagnoseverktøy som minnetesting (Memtest86+) og HDT - Hardware Detection Tool - som kan kome til nytte dersom ein skulle kome utfor ein situasjon der ein ikkje får start på maskina på normalt vis.

I tillegg til oppstartalternativa er det og mogleg å køyre netinstall (lokal installasjon) av Debian.
Om du vil køyre PXE-boot frå ein virtuell maskin er det mogleg å bruke Hyper-V dersom du har Windows 10 Professional (det kan hende du må aktivere det under "turn Windows functions on or off") eller Oracle VM VirtualBox.

Under Hyper-V treng du både Legacy Network Adapter og Network adapter og med VirtualBox må nettverkskortet vere Bridged. Begge må ha nettverk først i boot order.
Om du vil starte ein lokal sesjon må PXE-boot vere skrudd på i bios, og du kan få menyen ved å trykke F11 når maskina di startar.

Dersom du har spørsmål eller treng hjelp er det mogleg å nå #tech på Discord, eventuelt spørre i #tg på IRC.