Vikingskipet, Hamar
12.–16. april 2017

English

Medic: "Me ber dykk; ta vare på deg sjølv"

Hugs at kroppen din treng litt ordentlig pleie i blant.

Symptom som hovudverk, utmatting og ei kjensle av å vere sliten ofte kjem av at ein ikkje har fått i seg nok vatn, mat eller fått seg nok søvn.

  • Sov
  • Drikk vatn
  • Et noko fornuftig
  • Gå ein tur i blant
  • GRATIS FRUKT! :D

Dei som har vore med før hugsar det nok:
Drikk vatn.
Et noko fornuftig.
Sov.
Gå ein tur.

Å vere Medic på TG kan vere ei vannskeleg oppgåve når fleire deltakarar er dehydrerte, og nok ein gong kjem oppfordringane som er nemnt ovanfor.
"Me ber ikkje folk la ver å drikke brus eller energidrikkar, berre drikk vatn OG. Eit glas vatn per eining brus eller energidrikk er ein fin regel. Me ber deg!"
Medic gjer mest kva som helst!

Vatn finnes mange stader i skipet, til dømes i gangen bak hovudscena eller i nordporten ved mikrobølgeovnane.

I år har me og eit fruktbart samarbeid med Hedmark fylkeskommune:
Du finn gratis frukt rundt omkring i skipet. Til dømes i midtgangen ved hovudscena, eller ved sida av Streamer Lounge.
Frukt hjå streamerane

"Dersom du vil yte best mogleg mot motstandarane dine i CS, LoL, Overwatch, Rocket League osb er det lurt å ete litt frukt innimellom. Og drikke vatn. Ein burde og ta ein dusj, for det er ganske 'unsportsmanlike' å utkonkurere motstandaren din med å lukte intenst" kan ein anonym medic informere om.

På sørsida av skipet kan ein finne soveteltet (der enorme banneret det står "SOVETELT" på over utgangsdørene med infodesken). Teltet er oppvarma, men du må ha eigen madrass eller liggeunderlag. Du kan sjølvsagt og sove rett på golvet, men det er ikkje å anbefalt.

Dersom du skulle føle deg uvel må du ikkje nøle med å ta kontakt med medic! Dei har ei ringeklokke ved resepsjonen og er bemanna døgnet rundt. Ta vare på dykk sjølv og kos dykk på TG.

Symptom som hovudverk, utmatting og ei kjensle av å vere sliten ofte kjem av at ein ikkje har fått i seg nok vatn, mat eller fått seg nok søvn.

  • Sov
  • Drikk vatn
  • Et noko fornuftig
  • Gå ein tur i blant
  • GRATIS FRUKT! :D