Vikingskipet, Hamar
12.–16. april 2017

English

Datainnsamling til doktorgrad om koderar på TG

I doktorgradsavhandlinga si skal Marianne Hagelia fokusere på unge med talent for koding og korleis dei vert handsama i skulen.

Marianne Hagelia:
Høgskulelektor ved Høgskolen Sørøst-Norge samt stipendiat ved NTNU.

Marianne skriv doktorgradsavhandling som mellom anna vil kartlegge om det fins fellestrekk - og eventuelt kor mange - mellom barn og ungdom som byrjar tidleg med koding og deira oppleving med skulesystemet. Målet hennar som forskar ved NTNU er å undersøke korleis barn med utradisjonelle læringsmønster og annleis interesser vert motteke pedagogisk.

I arbeidet til no er det fleire trekk ved deltakarane som går igjen.
"De liker å lære, de har alle en indre motivasjon til å jobbe med læringsarbeid hjemme.
De fleste følte at de ikke passet inn i skolen hvor de ikke bidro særlig og kjedet seg fordi skolen var for enkel."

Til no har ho vore i kontakt med folk frå Polen, USA, Sør-Afrika og Noreg og opplever mange fellestrekk mellom dei.

"Veldig mange starter allerede i barneskolen. De er nysgjerrige og vitebegjærlige. Det er ikke lenger nok å konsumere. De vil produsere. De er utrolig selvstendige og vil lære, og de gir seg ikke. De tar den harde veien gjennom å brette opp armene og arbeide masse. De er ensomme i læringsarbeidet... De ser på andres koder, endrer dem, prøver seg frem, leker og utforsker. Alle leker. Alle arbeider. Alle løser problemer. De er kreative. De blir trigget av utfordringer."

Ho seier og at mange av dei ho har vore i kontakt med vert møtt med lite forståing frå familie og kjende.
Fleire seier at andre trur dei berre spelar eller leikar på datamaskina.

"Alle kodere har fått høre at de må være mer ute med venner; være mer ute og være mindre på datamaskinen."

Marianne seier ho får dei same svara på TG som dei ho har snakka med tidlegare.

Dersom du vil vite meir har Marianne ein blogg der du kan lese om prosjektet.

Marianne Hagelia:
Høgskulelektor ved Høgskolen Sørøst-Norge samt stipendiat ved NTNU.