Vikingskipet, Hamar 23.–27. mars 2016

English

Føredrag om nettverket på The Gathering 2016

Årets nettverk:

NLOGIC leverer mellom anna switcher produsert av JUNIPER.
NEXTRON leverer serverar og rack-skap samt litt tilbehør.
FORTINET leverer brannmur og trådlause aksesspunkt.
SMARTOPTICS leverer optikk til fiberkoplingane.

Tech:Net held føredrag om korleis nettverket på The Gathering 2016 er designa samt utfordringane med så store nettverk.

Årets nettverk:

NLOGIC leverer mellom anna switcher produsert av JUNIPER.
NEXTRON leverer serverar og rack-skap samt litt tilbehør.
FORTINET leverer brannmur og trådlause aksesspunkt.
SMARTOPTICS leverer optikk til fiberkoplingane.

Dersom du har interesse for nettverk, vil lære meir eller har spørsmål til nettverkspersonalet på TG har du høve til å få tilfredsstilt dine behov på Creative Stage lørdag kveld klokken 19.

Du treng ikkje vere nettverks-ingeniør for å få noko ut av føredraget seier Marius Hole, co-chief for Tech:Net under TG16.

Føredraget vil vere ein introduksjon til kva me driv med, kva oppgåver me har samt dei tenestene me leverer under TG, både internt for deltakarar og crew, ut i verda og for oss sjølve.

Å designe nettverk på denne storleiken er ikkje ei lita oppgåve, og i år er andre gongen på ny plattform som blei innført i fjor.

Det er mykje å tenke på når ein set opp eit nettverk, som kva type boksar og fiber ein har å nytte seg av samt sjølve designet seier Jonas Lindstad, som og er med på føredraget.

For å halde styr på eit så stort nettverk treng ein rett verktøy;

Me har laga eit NMS-API (Network Monitoring System - Application Programming Interface red. anm.) for å litt lettare halde oversikt over nettet undervegs, og folk har gjort kule ting med det tidlegare seier Marius.

Føredraget kjem og til å adressere utfordringane dei har støtt på under årets arrangement og korleis ein førebuar seg på liknande høve.

Til slutt vert det og ein runde Q&A der ein kan spørre om alt frå å koke pølser og trakte kaffi til korleis JDHCPD er implementert i årets nettverk og korleis det kjem ein til gode.